fredag 16. desember 2011

Link til artikkel

Der er mange utfordringar i heimesjukepleien. Anbefaler å lese dette.
http://www.sykepleien.no/ikbViewer/nyhet/786267/%13-lovbrudd-i-hjemmetjenesten?p_document_id=786267

Praksis over for denne gong

Ja så var det julaferie.Hadde store planar om å skriva i denna bloggen under praksisen, men sånn gjekk det ikkje.  Det har jammen meg vore hektisk. Men hektisk på ein god måte. Praksisperioden min i heimesjukepleien på Tjensvoll har vore veldig intressant og lærerik.Fått verkeleg testa meg ut på kor eg er både fagleg og som person. Mange vil jobba på sjukehus når dei er ferdige med studiene, men eg vurdere sterkt heimesjukepleien etter denna perioden. Det hadde eg ikkje forestillt meg i det heila. Veiledaren frå skulen har gitt meg utfordrande oppgåver å jobbe med. Kjem til sakne min kjekke, snille og dyktige kontaktsjukepleiar Mette og ikkje minst alle dei kjekke kollegane. Tar det som eit godt teikn når eg vert oppfordra til å søke jobb der.God jul alle saman :)

onsdag 16. november 2011

Arbeidskrav

Då va refleksjonsnotatet sendt.Godt kva som er gjort.Nå er det å fortsette med pleieplanen. Skal også ta kontakt med helsestasjon i denna perioden for å avtale ein dag der som er obligatorisk. Nerme seg midtevaluering også.Jammen går vekene fort.

søndag 13. november 2011

Arbeidshelga over for denne gong.

Ja då var arbeidshelgå over i praksis. Gjekk fredag kveld, lørdag kveld og søndag dag.Rart å tenka på at det er den siste praksishelgå detta skulehalvåret. Fått gjort fleire spennande oppgåver og denna helga. Kjekt når prosedyrane begynne å sitta bedre og bedre for kvar gong.  I morgon er det fri, men må skriva litt på nokre arbeidskrav.

søndag 6. november 2011

Tredje veka i praksis

I morgon begynner eg på den tredje veka av denne praksisperioden. Denne veka inkludere også arbeidshelg for min del. Jobbe for tida med refleksjonsnotat som er eit av arbeidskrava.

søndag 30. oktober 2011

Er smittevernet for sjukepleiestudentar forsvarleg og i tråd med lovverk, faglege retningsliner og yrkesetikk?

Me lærer mykje i forhold til tryggleik overfor pasientar og helsepersonell og har fått informasjon i forbindelse med praksis om at me må fylle ut skjema i forhold til MRSA og tuberkulose.  Alt dette vitnar om at om at høgskulane og universiteta tek tryggleiken på alvor overfor studentar, men har ikkje høyrt noko i forhold til beskyttelse mot hepatitt B. Folkehelseinstituttet råda i  2007 om å gje alle dei 4000 nye sjukepleiestudentane i Noreg vaksine mot hepatitt B finansiert av Folketrygden. Korleis kan ein utelukke dette både fagleg og etisk når dei som studere for å bli lege, tannlege og bioingeniør får gratis vaksine før dei skal ut i praksis? Sist men ikkje minst - kva med det juridiske- er dette lovleg? Eg har nyleg hatt eksamen i Sjukepleiens samfunnsvitenskaplege grunnlag. I Smittevernlovens §6-1 heiter det at " Den som det etter en faglig vurdering er grunn til å anta er i fare for å bli smittet med en allmennfarlig smittsom sykdom, har rett til nødvendig smittevernhjelp i form av vaksinasjon". Stortingsrepresentant Laila Dåvøy spurte dåverande Helse- og omsorgminister Bjarne Håkon Hanssen i 2009 om statsråden vil ta ei avgjersle om å gje hepatitt B vaksine til studentar i sjukepleie. Her er svaret han ga: " Jeg deler representanten Dåvøys vurdering i at det virker urimelig ikke å inkludere alle helsefagsstudenter ( inkludert studenter i sykepleie) som utsettes for smittefare under utdannelsen, i ordningen. Inkludering av ytterligare helsefagstudenter vil imidletid ha både budsjettmessige og administrative konsekvenser. Departementet utreder for tiden konsekvensene av forslagene fra Folkehelseinstituttet og vil eventuellt komme tibake til saken." Kor stort er eigentleg dette problemet? Over ein periode på 3 år til og med 2007 blei det registrert 544 stikkskader hos sjukepleiarar. Risikoen for å bli smitta av hepatitt B frå ein infisert sprøyte reknar er  frå 6 til 30 % per stikkskade i følge ein artikkel i Tidsskriftet til Legeforeningen. Om Folkehelseinstituttet sitt råd blir fulgt, betyr det at 10000 nye personar får dekka utgifta til vaksine. Er det andre som har tankar rundt dette?

fredag 28. oktober 2011

1.veka unnagjort i praksis i heimesjukepleien

Ja så var den første veka unnagjort i praksisen. Har vore veldig spennande og intressant.Fått vore med på mange spennande oppdrag allerede. I helga er det å jobba med handlingsplanen- setta opp mål for praksisperioden og korleis ein vil forsøka å oppnå desse.

tirsdag 25. oktober 2011

Praksisen er i gong

Ja då var praksisen i gong. Nå skal me setta opp turnus som skal vera minst 50 % med kontaktsjukepleiar, 240 timar på 8 veker. Me skal ha fleire krav som skal vera godkjennte i praksisperioden, dvs; refleksjonsnotat, handlingsplan, alternativ litteratur,  tolking av vitenskapleg artikkel, pleieplan..så her er det berre å hiva seg rundt å jobba.

fredag 21. oktober 2011

Snart praksis igjen

Ja då var eksamen i Det samfunnsvitenskaplege grunnlaget unnagjort og eg kan ta helg- herligt :) Allereie på mandag står praksis i heimesjukepleien for tur i 8 veker framover. Så her er det bånn gass. Ja det er ganske hektisk om det kallest deltid. Nå er det på an igjen med oppgåver som handlingsplan, pleieplan, refleksjonsnotat osv. Glede meg til å ta fatt på ein nytt og spennande område. Eg skal vera i dei heimebaserte tenestene på Tjensvoll.

søndag 16. oktober 2011

Sommarferien 2011- Montserrat

Om å gløyme


Innimellom eksamenslesinga les eg boka til Per Fugelli ” Døden, skal vi danse?” Han viser til eit radioprogram kor Arne Ness fortalte om sin aukande dårlege hukommelse. (…) Som et menneske som alltid har likt å tenke og leke med hjernen, led han sterkt under dette. Men så fant han lyspunktene (…) Arne Ness:  ” Jeg blir veldig lei meg når jeg glemmer ting- men så glemmer jeg jo plutselig at jeg har glemt og da blir jeg glad igjen” - ” Forleden var jeg på besøk hos en venn.Min vane tro, gikk jeg bort til bokhyllen.Jeg tok ut en bok, bladde litt fram og tilbake og oppdaget en begavet tekst”. ” Kom og se” ropte jeg til min venn på kjøkkenet, “hvem er det som har skrevet dette mesterstykket?”  “Det er du det “svarte han ,” og jeg ble stolt som en hane “.

Praksis

Me har vore i gjennom 3 praksisperiodar til nå i utdanninga. Den fyrste hadde eg på den somatiske avdelinga på Suldal Sjukeheim på heimstaden min Sand. Deretter var det sjukehuspraksisen kor eg både var  i Stavanger og Haugesund. Medisinsk praksis hadde eg på Lungeavdelinga 4G ved Stavanger Universitets Sjukehus og kirurgisk praksis hadde eg ved Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus ( HSR) i 6.etg på Revmatisk kirugisk avdeling. Har stortrivdes på alle plassene og fått kjekke og dyktige kontaktsjukepleiarar og arbeidskollegaer. Det har vore så lærerikt på alle måtar. Nå står praksis i heimesjukepleien for tur og har vore heldig å fått plass ved heimetenestene i nærområdet her eg bur i Stavanger. Men før det er det eksamen i emnet " Det samfunnsvitenskaplege grunnlaget" kommande veka.

Menneskeår

Utdrag frå  Per Fugelli si bok ” Døden, skal vi danse ?”
(…) For noen år siden undersøkte min venn Benedicte Ingstad og jeg hvordan Sanfolket ser på helse og sykdom. Vi satt under et skyggetre i Kalahari og intervjuet en gammel Sanmann. Vi spurte hvor mange år han var. Da så han på oss med et klokt blikk som om han tenkte: Fattig er den som teller sine år. Men blikket var også muntert, som om han visste om vår tåpelige måte å telle menneskeår på og nå ville viser oss et bedre syn på alderdom. Langsomt dreide han hodet rundt og speidet utover landskapet. ” Der”, sa han og pekte på et tre, ” det treet og jeg kom til Jorden på samme tid.” Vi kunne se tvillingtreet hans hadde levd lenge. Noen greiner var døde. Den delen av treet som vendte mot Kalaharis harde sandstormer holdt på å visne. Men stammen liknet på en elefantfot, sterk og trygg, til å stole på, herdet av Kalaharis brennende soler og kalde nattevinder. Her og der vokste nye greiner ut med friske, grønne skudd.Og hør nå nøye etter; En grein hadde hvite og røde blomster på! (…)

Nett- studenten

Eg heiter Marita Husevåg Hellesen, 76- modell og bur i Stavanger. Er opprinneleg frå Sand i Suldal kommune i Rogaland. Eg byrja på den nettbaserte sjukepleieutdanninga ved Universitetet i Stavanger i 2009.  Bloggen har eg tenkt å bruka  til å fortella korleis det er å vera sjukepleiarstudent og  utveksle erfaringar.