onsdag 16. november 2011
Arbeidskrav
Då va refleksjonsnotatet sendt.Godt kva som er gjort.Nå er det å fortsette med pleieplanen. Skal også ta kontakt med helsestasjon i denna perioden for å avtale ein dag der som er obligatorisk. Nerme seg midtevaluering også.Jammen går vekene fort.
søndag 13. november 2011
Arbeidshelga over for denne gong.
Ja då var arbeidshelgå over i praksis. Gjekk fredag kveld, lørdag kveld og søndag dag.Rart å tenka på at det er den siste praksishelgå detta skulehalvåret. Fått gjort fleire spennande oppgåver og denna helga. Kjekt når prosedyrane begynne å sitta bedre og bedre for kvar gong. I morgon er det fri, men må skriva litt på nokre arbeidskrav.
søndag 6. november 2011
Tredje veka i praksis
I morgon begynner eg på den tredje veka av denne praksisperioden. Denne veka inkludere også arbeidshelg for min del. Jobbe for tida med refleksjonsnotat som er eit av arbeidskrava.
søndag 30. oktober 2011
Er smittevernet for sjukepleiestudentar forsvarleg og i tråd med lovverk, faglege retningsliner og yrkesetikk?
Me lærer mykje i forhold til tryggleik overfor pasientar og helsepersonell og har fått informasjon i forbindelse med praksis om at me må fylle ut skjema i forhold til MRSA og tuberkulose. Alt dette vitnar om at om at høgskulane og universiteta tek tryggleiken på alvor overfor studentar, men har ikkje høyrt noko i forhold til beskyttelse mot hepatitt B. Folkehelseinstituttet råda i 2007 om å gje alle dei 4000 nye sjukepleiestudentane i Noreg vaksine mot hepatitt B finansiert av Folketrygden. Korleis kan ein utelukke dette både fagleg og etisk når dei som studere for å bli lege, tannlege og bioingeniør får gratis vaksine før dei skal ut i praksis? Sist men ikkje minst - kva med det juridiske- er dette lovleg? Eg har nyleg hatt eksamen i Sjukepleiens samfunnsvitenskaplege grunnlag. I Smittevernlovens §6-1 heiter det at " Den som det etter en faglig vurdering er grunn til å anta er i fare for å bli smittet med en allmennfarlig smittsom sykdom, har rett til nødvendig smittevernhjelp i form av vaksinasjon". Stortingsrepresentant Laila Dåvøy spurte dåverande Helse- og omsorgminister Bjarne Håkon Hanssen i 2009 om statsråden vil ta ei avgjersle om å gje hepatitt B vaksine til studentar i sjukepleie. Her er svaret han ga: " Jeg deler representanten Dåvøys vurdering i at det virker urimelig ikke å inkludere alle helsefagsstudenter ( inkludert studenter i sykepleie) som utsettes for smittefare under utdannelsen, i ordningen. Inkludering av ytterligare helsefagstudenter vil imidletid ha både budsjettmessige og administrative konsekvenser. Departementet utreder for tiden konsekvensene av forslagene fra Folkehelseinstituttet og vil eventuellt komme tibake til saken." Kor stort er eigentleg dette problemet? Over ein periode på 3 år til og med 2007 blei det registrert 544 stikkskader hos sjukepleiarar. Risikoen for å bli smitta av hepatitt B frå ein infisert sprøyte reknar er frå 6 til 30 % per stikkskade i følge ein artikkel i Tidsskriftet til Legeforeningen. Om Folkehelseinstituttet sitt råd blir fulgt, betyr det at 10000 nye personar får dekka utgifta til vaksine. Er det andre som har tankar rundt dette?
fredag 28. oktober 2011
1.veka unnagjort i praksis i heimesjukepleien
Ja så var den første veka unnagjort i praksisen. Har vore veldig spennande og intressant.Fått vore med på mange spennande oppdrag allerede. I helga er det å jobba med handlingsplanen- setta opp mål for praksisperioden og korleis ein vil forsøka å oppnå desse.
tirsdag 25. oktober 2011
Praksisen er i gong
Ja då var praksisen i gong. Nå skal me setta opp turnus som skal vera minst 50 % med kontaktsjukepleiar, 240 timar på 8 veker. Me skal ha fleire krav som skal vera godkjennte i praksisperioden, dvs; refleksjonsnotat, handlingsplan, alternativ litteratur, tolking av vitenskapleg artikkel, pleieplan..så her er det berre å hiva seg rundt å jobba.
fredag 21. oktober 2011
Snart praksis igjen
Ja då var eksamen i Det samfunnsvitenskaplege grunnlaget unnagjort og eg kan ta helg- herligt :) Allereie på mandag står praksis i heimesjukepleien for tur i 8 veker framover. Så her er det bånn gass. Ja det er ganske hektisk om det kallest deltid. Nå er det på an igjen med oppgåver som handlingsplan, pleieplan, refleksjonsnotat osv. Glede meg til å ta fatt på ein nytt og spennande område. Eg skal vera i dei heimebaserte tenestene på Tjensvoll.
Abonner på:
Innlegg (Atom)