lørdag 21. april 2012

Ferdig med fyrste veke i praksis :)

Då var fyrste veka unnagjort i praksis.Har jammen meg gått fort og. Mykje informasjon og inntrykk å fordøye. Paragrafar, rutiner, behandlingsmøter osv. Neste veka er det to kveldsvakter og dagvakter. I løpet av veka skal eg også ha målsamtale i lag med kontaksjukepleiar og veiledar frå skulen. Så nå må eg bruke dagane til fylle ut handlingsplanen.Setje opp kva eg vil sette fokus på i løpet av praksisperioden. Den skal evaluerast gjennom heile praksisperioden.

onsdag 18. april 2012

Turnus

Idag fekk me utdelt turnusen til kontaktpersonane våre, så nå er oppgåva vår å setta opp vår eigen for dei 8 vekene. 240 timar skal me ha totalt. I dei inngår ei helg. Eit puslespel kvar gong. Minst 50 % av vaktene skal vera med kontaktsjukepleiar.

mandag 16. april 2012

Introduksjonsdag

Idag var det fyrste dag i psykiatripraksis. Heile dagen gjekk med til undervisning i følgjande emner: - Møte med pasient og pårørande, Haldningar blir utvikla i relasjon, Miljøterapi og relasjonsbehandling og Terapeutisk mestring av pasientar med aggresjonsproblematikk (TMA). I morgon skal me møte på dei enkelte avdelingane me skal vera på.

Ganske spesiellt å starte i psykiatripraksis same dag som rettsaka i Oslo.

søndag 15. april 2012

Psykiatripraksis

Ja i morgon begynne eg i ein ny praksisperiode på 8 veker. Noko som alltid er spennande. Dette er faktisk den siste praksisen kor me blir evaluert. Denne gong er det praksis innanfor psykiatrien. I den forbindelse har eg lese boka " I morgen var jeg alltid en løve" av Arnhild Lauveng. Kan anbefalast.

torsdag 12. april 2012

infodag

Idag har me vore på UiS å fått informasjon om den kommande praksisperioden som er i psykiatrien og truffe våre veiledarar. Dette blir spennande.I tillegg til dette vart det lagt fram forslag på neste års årsplan. Håpe den går i boks :)

søndag 5. februar 2012

Seminarer, vitenskapleg artikkel, eksamen og kommande praksisperiode

Ja nå var det lenge sidan eg har vore inne på bloggen. Sist eg skreiv var eg vel akkurat ferdig med praksis i heimesjukepleien. Nå etter nyttår har me hatt 3 veker med diverse seminar i emner som bl.a. HIV/ AIDS, pårørande, kreft, komplentær og alternativ medisin, organisajon og ledelse. Det har vore svært lærerike dagar.  Har også gjort eit gruppearbeid  i denne perioden, der me skulle granske ein vitenskapleg artikkel.Dette måtte me bestå for å kunne gå opp til eksamen.  Og det klarte me på første forsøk.Juhuu! Eksamenen me skal ha nå er i emnet med følgande tittel ;  " Sykepleie med fokus på akutt, kritisk og vedvarende syke, organisasjon og ledelse".

Etter påske er det igjen klart for 8 veker praksis, då er det psykiatrien. Veit ikkje kor eg skal vera enda.Spennande. Tenk til påske neste år er me faktisk ferdige :)