søndag 30. oktober 2011

Er smittevernet for sjukepleiestudentar forsvarleg og i tråd med lovverk, faglege retningsliner og yrkesetikk?

Me lærer mykje i forhold til tryggleik overfor pasientar og helsepersonell og har fått informasjon i forbindelse med praksis om at me må fylle ut skjema i forhold til MRSA og tuberkulose.  Alt dette vitnar om at om at høgskulane og universiteta tek tryggleiken på alvor overfor studentar, men har ikkje høyrt noko i forhold til beskyttelse mot hepatitt B. Folkehelseinstituttet råda i  2007 om å gje alle dei 4000 nye sjukepleiestudentane i Noreg vaksine mot hepatitt B finansiert av Folketrygden. Korleis kan ein utelukke dette både fagleg og etisk når dei som studere for å bli lege, tannlege og bioingeniør får gratis vaksine før dei skal ut i praksis? Sist men ikkje minst - kva med det juridiske- er dette lovleg? Eg har nyleg hatt eksamen i Sjukepleiens samfunnsvitenskaplege grunnlag. I Smittevernlovens §6-1 heiter det at " Den som det etter en faglig vurdering er grunn til å anta er i fare for å bli smittet med en allmennfarlig smittsom sykdom, har rett til nødvendig smittevernhjelp i form av vaksinasjon". Stortingsrepresentant Laila Dåvøy spurte dåverande Helse- og omsorgminister Bjarne Håkon Hanssen i 2009 om statsråden vil ta ei avgjersle om å gje hepatitt B vaksine til studentar i sjukepleie. Her er svaret han ga: " Jeg deler representanten Dåvøys vurdering i at det virker urimelig ikke å inkludere alle helsefagsstudenter ( inkludert studenter i sykepleie) som utsettes for smittefare under utdannelsen, i ordningen. Inkludering av ytterligare helsefagstudenter vil imidletid ha både budsjettmessige og administrative konsekvenser. Departementet utreder for tiden konsekvensene av forslagene fra Folkehelseinstituttet og vil eventuellt komme tibake til saken." Kor stort er eigentleg dette problemet? Over ein periode på 3 år til og med 2007 blei det registrert 544 stikkskader hos sjukepleiarar. Risikoen for å bli smitta av hepatitt B frå ein infisert sprøyte reknar er  frå 6 til 30 % per stikkskade i følge ein artikkel i Tidsskriftet til Legeforeningen. Om Folkehelseinstituttet sitt råd blir fulgt, betyr det at 10000 nye personar får dekka utgifta til vaksine. Er det andre som har tankar rundt dette?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar