søndag 16. oktober 2011

Praksis

Me har vore i gjennom 3 praksisperiodar til nå i utdanninga. Den fyrste hadde eg på den somatiske avdelinga på Suldal Sjukeheim på heimstaden min Sand. Deretter var det sjukehuspraksisen kor eg både var  i Stavanger og Haugesund. Medisinsk praksis hadde eg på Lungeavdelinga 4G ved Stavanger Universitets Sjukehus og kirurgisk praksis hadde eg ved Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus ( HSR) i 6.etg på Revmatisk kirugisk avdeling. Har stortrivdes på alle plassene og fått kjekke og dyktige kontaktsjukepleiarar og arbeidskollegaer. Det har vore så lærerikt på alle måtar. Nå står praksis i heimesjukepleien for tur og har vore heldig å fått plass ved heimetenestene i nærområdet her eg bur i Stavanger. Men før det er det eksamen i emnet " Det samfunnsvitenskaplege grunnlaget" kommande veka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar